Tilsynssamarbeid

Tilsynssamarbeidet for avløp og byggesak starta opp januar 2024, og er eit samarbeid mellom kommunane Gloppen, Stryn, Stad, Bremanger og Kinn

Om tilsynet

Kommunane er pålagd å føre tilsyn med spreidde avløpsanlegg. Spreidde avløpsanlegg er små private avløpsanlegg, minirenseanlegg, slamtanker og liknande. Kommunen har ikkje gjennomført tilsyn med desse i tilstrekkeleg grad dei seinare åra. I 2023 vedtok kommunestyra i Nordfjord at Gloppen skal vere vertskommune for eit tilsynssamarbeid i Nordfjord for å auke kvaliteten i arbeidet. 

Tilsynet blir finansiert ved eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Det vil bli gjennomført digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. Du må betale tilsynsgebyr også dei åra det ikkje blir gjennomført fysisk tilsyn på ditt anlegg.

I tilsynssamarbeidet finn ein breid kompetanse med mellom anna fagarbeidarar, jurist, ingeniør og biolog.

Tilsyn byggesak

Gjennom tilsyn skal bygningsmyndigheita sjå til at plan- og bygningsloven sine føresegner vert helde i kommunen. 
Bygningsmyndigheita står fritt til å velje omfang og framgangsmåte for tilsynet. 

Kommunen sin tilsynsplikt omfattar søknadspliktige tiltak med og utan ansvarsrett, tiltak som er unnateke byggesakshandsaming og ulovlege tiltak. 

DIBK.no har meir informasjon i si rettleiing for kommunalt tilsyn.

Tilsyn spreidde avløp 

Tilsyn med utslepp mindre enn 50 pe (Kapittel 12 i Forurensingsforskrifta)
Forureiningsregelverket gir kommunane plikt til å føre tilsyn med utslepp frå spreidde avlaup. Sjølv om dei spreidde utsleppa er små kvar for seg, så bidreg dei likevel samla med ei ureining som kan vere skadleg for helse og miljø. 

Miljødirektoratet sin rettleiar har meir informasjon om tilsyn med utslepp som er mindre enn 50 pe.

I tillegg til å arbeide med avvik som vert rapportert inn frå anlegga, arbeidar tilsynssamarbeidet også systematisk igjennom ein eigen tilsynsplan.

Gebyr og prisar

Gebyr for tilsyn med spreidde avlaup og byggjesak vert vedteke og fakturert for kvar kommune. Dersom du har spørsmål til gebyret kan du ta kontakt med din kommune. Gebyret varierar litt mellom kommunane på grunn av fastsett kostnadsfordeling og tidlegare avsetning til sjølvkostfond.

Saker og dokument

Saker som Tilsynssamarbeidet jobbar med vert, som andre offentlege dokument, liggande tilgjengelige på postlista til kommunen. Samarbeidet fører saker for fleire kommunar, difor kan ein sortere tilsynssaker kommunevis. 

Stad kommune 
Bremanger kommune 
Gloppen kommune
Kinn kommune
Stryn kommune

Kontakt oss