DSB
Kommunen sine informasjonspunkt
I ei krise er det viktig å få informasjon frå trygge kjelder. Dersom nettet er nede, kan du ikkje rekne med å nå kommunen på telefon eller finne oppdatert informasjon på nettsida. Gjer deg derfor kjend med kvar du kan få hjelp og informasjon dersom dei vanlege kanalane ikkje verkar.
Stad kommune har oppretta informasjonspunkt der innbyggjarane kan vende seg i ein slik situasjon. dsb.no
Informasjonspunkt i Stad kommune:
- Nordfjordeid: Stad rådhus
- Selje: Kommunehuset i Selje
- Flatraket: Flatraket skule
- Bryggja: Bryggja grendahus
- Stadlandet: Brannstasjonen på Leikanger
Informasjonspunkta skal nyttast dersom mobilnett og internett ikkje fungerer over tid, og du treng informasjon eller kontakt med kommunen. Der kan du òg få hjelp til å formidle kontakt med naudetatane.
Slik kan du førebu deg på bortfall av mobilnett og internett
Nokre enkle førebuingar kan gjere det lettare å halde kontakt og få informasjon:
- Skaff deg ein batteridriven DAB-radio.
- Lad opp mobiltelefon, batteribank og anna utstyr når det er varsla fare for straumbrot eller andre problem.
- Skriv ned viktige telefonnummer på papir.
- Avtal med familie, vener og naboar kvar de skal møtast dersom de ikkje får kontakt.
- Finn ut om telefonen din kan bruke wifi-anrop, og korleis du slår det på.
- Ha gjerne ein beredskapsvenn med eit anna mobilnett enn deg. Då kan det vere mogleg å få kontakt dersom eitt mobilnett fell ut.
- Ver kritisk til informasjon du får og deler vidare. Bruk informasjon frå styresmaktene og redaktørstyrte medium når du kan. dsb.no
Ver budd på å klare deg ei veke
Styresmaktene rår alle til å kunne klare seg sjølve i minst ei veke. Ved ei krise kan det ta tid før hjelpa kjem fram, og naudetatane må prioritere dei som treng det mest. Tenk gjennom kva du og husstanden din treng dersom straum, vatn, betalingstenester eller andre viktige tilbod ikkje fungerer. dsb.no
Ha eit lite lager av mat og drikkevatn som de vanlegvis bruker, og som held seg godt. Tenk òg gjennom korleis de kan halde varmen, få lys og lage mat dersom straumen blir borte. Ha nødvendige medisinar og førstehjelpsutstyr tilgjengeleg, og vurder kva du treng for å halde god hygiene.
Hugs også å ta omsyn til barn, eldre, personar som treng ekstra hjelp og kjæledyr. Snakk med naboane om korleis de kan hjelpe kvarandre. Når fleire førebur seg og samarbeider, står lokalsamfunnet sterkare.
Les meir: Råd frå DSB dersom internett og mobilnett ikkje verkar | Generelle råd om eigenberedskap