Stad blir eit meir demensvennleg samfunn
Ei gladmelding i møtet var at Stad kommune signerte ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å arbeide for eit meir demensvennleg samfunn.
Generalsekretær Bo Gleditsch i Nasjonalforeningen for folkehelsen fortalde om den nasjonale satsinga. Målet er at menneske med demens skal kunne delta i samfunnet, meistre kvardagen og leve aktive og gode liv så lenge som mogleg.
Gjennom samarbeidsavtalen får kommunen tilgang til kursmateriell og opplæring. Kommunen skal leggje til rette for at tilsette i både offentlege og private verksemder får kunnskap om demens og om korleis dei kan møte menneske med demens på ein trygg, respektfull og inkluderande måte.
Les meir om demensvennlege samfunn hos Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Anne-Karin Vangberg, nestleiar i fylkesstyret for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Sogn og Fjordane, understreka at avtalen sender eit viktig signal om at det skal vere godt og trygt å leve i kommunen, også når livet endrar seg.
– Eit demensvennleg samfunn er eigentleg eit meir menneskevennleg samfunn, sa ho.
På spørsmål frå kommunestyret om korleis kommunen skal planleggje og gjennomføre kurs, fortalde kommunalsjef for helse og omsorg Barbro Longa at kommunen vil etablere ulike arenaer for informasjon, kunnskapsdeling og opplæring. Tilbodet skal rettast mot bedrifter, organisasjonar og andre aktørar som møter menneske med demens i kvardagen. Demensforeininga i Stad blir ein viktig samarbeidspartnar i dette arbeidet.
Ordførar Judith Kvåle og Anne-Karin Vangberg, nestleiar i fylkesstyret for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Sogn og Fjordane signerte avtalen mellom kommunen og foreininga.
Avtalen blei også feira og markert med kake frå Nasjonalforeningen for folkehelsen.Infovideo Nasjonalforeininga
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Knutepunktutvikling på Bane NOR-tomta på Nordfjordeid
Kommunestyret fekk ei orientering frå Bane NOR Eigedom om moglegheitsstudien for området ved Nordfjordeid skysstasjon. Målet er å utvikle dagens grå areal til eit meir attraktivt knutepunkt med ein kombinasjon av skysstasjon, bustader, næringsverksemd, offentlege funksjonar og møteplassar. Studien skisserer fleire moglege løysingar, men desse er ikkje bindande og skal konkretiserast i det vidare planarbeidet.
I møtet handsama kommunestyret eit strukturnotat for samarbeidet mellom Stad kommune og Bane NOR Eigedom AS. Notatet set retning for det vidare arbeidet. Kommunestyret skal haldast orientert om utviklinga, og eventuelle bindande avtalar og prinsipielle spørsmål skal leggjast fram for politisk behandling.
Les meir om saka her.
Tilrettelegging for bygging av Stad skipstunnel
Kommunestyret handsama to saker om tilrettelegging for bygginga av Stad skipstunnel. Utbygginga er eit nasjonalt infrastrukturprosjekt som vil føre til omfattande aktivitet i Selje over fleire år. Prosjektet utløyser behov for administrative fasilitetar og kontor- og riggområde for entreprenøren, Kystverket og samarbeidande aktørar. AF Gruppen ønskjer å bruke Sunnivatomta, der Sunnivahuset og det gamle kommunehuset i Selje står, som mellombels kontor- og riggområde. Som motyting skal selskapet rive Sunnivahuset, fjerne ureina massar og klargjere tomta for vidare utvikling etter anleggsperioden.
Kommunestyret handsama også mellombels utleige av Hovehuset i Selje til AF Gruppen. Bygget er aktuelt som kontor- og rigglokale i samband med gjennomføringa av skipstunnelprosjektet. Utleiga vil sikre aktiv bruk av bygget og gi kommunen leigeinntekter medan arbeidet med skipstunnelen går føre seg.
Andre saker og aktuelle tema
I møtet vart kommunestyret orientert om fleire ulike tema, frå arbeidet med politisk organisering, budsjett og handlingsprogram til utviklingsarbeid knytt til Totalforsvarsåret 2026 og Eigenberedskapsveka.
To regionale planar er ute på høyring i Vestland: Regional plan for kompetanse og verdiskaping og Regional plan for areal og mobilitet. Kommunestyret fekk høve til å uttale seg om saka, og ordføraren har fullmakt til å sende høyringssvar.
Kommunestyret tok også tilstandsrapporten frå barnevernstenesta til vitande. Rapporten gir eit bilete av status, utviklingstrekk, prioriterte område og utfordringar i tenesta, og legg til rette for vidare dialog mellom administrasjonen og politisk nivå.
Av saker knytte til økonomi handsama kommunestyret økonomi- og tenesterapporten og rapporten om finans- og gjeldsforvaltninga per 31. august. Ei førebuande sak om arbeidet med investeringsbudsjettet for 2027 vart også lagd fram. Føremålet var å gi kommunestyret eit grunnlag for vidare prioritering av investeringar før arbeidet med budsjett og handlingsprogram for 2027–2030 blir sluttført. Saka innebar ikkje endelege vedtak om investeringar eller finansiering, men synleggjorde utfordringar knytte til vedlikehaldsetterslep på kommunale føremålsbygg og det økonomiske handlingsrommet for å setje i verk tiltak.
Kommunen har fleire roller og oppgåver som er gjensidig avhengige av kvarandre. Det kan vere krevjande å ta i vare heilskapen når kommunen samtidig står i ein svært utfordrande økonomisk situasjon. Fleire nasjonale utgreiingar peikar på at samarbeid og samskaping blir viktig for å kunne skape meir med mindre ressursar i åra framover.
Sjå møteboka her.