Ny organisering av Bu- og miljøtenesta

Den tidlegare Bu- og miljøtenesta er no organisert i to einingar: Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Målet med endringa er å samle tenester som høyrer naturleg saman, og leggje til rette for god leiing, samarbeid og vidare utvikling av tenestene.

Miljøtenesta omfattar 

  • Elvebøen 
  • Myroldhaug tenesta for funksjonshemma 
  • Bu- og miljøtenesta ytre, no Miljøtenesta ytre  
  • Læring- og aktivitetssentera 

Einingsleiar for Miljøtenesta er Ann-Charlotte Jansson.

Meistring og psykisk helse omfattar 

  • Psykisk helseteam og uteteam
  • Myroldhaug psykisk helse og rus 
  • Barneavlastinga og Barnebustad 
  • FACT-teama. FACT-teama er eit samarbeid med Helse Førde.

Einingsleiar for Meistring og psykisk helse er Marie Bakke.

Den daglege kontakten held fram som før

Omorganiseringa inneber ikkje endringar i kven som er avdelingsleiarar. For brukarar og pårørande vil den daglege kontakten med avdelingane derfor i hovudsak vere som før.

Kommunen skal arbeide for at tenestene også etter omorganiseringa er gode, trygge og føreseielege. Har du spørsmål om endringa kan du ta kontakt med den aktuelle avdelinga eller einingsleiaren.