Refleksdagen 15. oktober - hugs refleks!

I dag 15. oktober markerer vi den nasjonale refleksdagen saman med resten av landet!

 

 

 

 

 

 

Stad kommune er Trafikksikker kommune. - Vi vil at du skal bli sett - også når det er mørkt. Saman med Trygg Trafikk oppmodar vi alle til å bruke anledninga til å leite fram refleksane og ta dei i bruk.

 - Mørket har no for alvor sneke seg på oss, og det er på tide å finne fram refleksane igjen. Dei aller fleste har mange refleksar liggjande i skuffer og skap, og refleksdagen er ein ypperleg anledning til å engasjere heile heimen til å leite dei fram! Ikkje la refleksen støve ned, men sørg for at heile familien har refleksane tilgjengeleg når de faktisk har bruk for dei, seier Kristin Otneim Aarsnes, leiar for eininga Strategi og samordning i Stad kommune.

Som ein del av markeringa delar Stad kommune i dag ut 400 refleksar! Desse blir fordelte på elevar på ungdomstrinnet, tilsette og folkevalde i kommunen, besøkande på helsestasjonen og rådhuset - og til tilfeldig forbipaserande som i dag møter på kommunalteknikk ute på oppdrag rundt om i kommunen!

Ønskjer du ein “trafikksikker kommune”-refleks er du velkomen innom rådhuset i dag. Første mann til mølla!

Trygg trafikk sine beste reflekstips:

  1. Fest refleks på alle jakker og sekkar/bagar
  2. Legg refleksband i skoa
  3. Bruk refleks som bevegar seg når du går, då er du best synleg
  4. Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar

Heng refleksen i knehøgde eller bruk slapwrap på bein!

God haust og trygg ferdsel!