Spørjeundersøkelse om jordleige og avlingsskade frå hjortLandbrukskontoret i Gloppen og Stad ber alle som søkjer produksjonstilskot om å svare på ein spørjeundersøkelse. Karoline Bjerkeset I undersøkelsen finn de enkle spørsmål om: - Behov for leige av jord/spreiingsareal - Ynskje om å leige ut jord - Avlingsskade frå hjortSvara vil hjelpe oss i det vidare arbeidet i landbruks- og hjorteforvaltinga, og vi håpar alle tek seg tid til å svare!Svarfrist: 15. novemberLenke til undersøkjingaBakgrunn for undersøkjinga:Jordleige: Gjennom arbeidet med kartlegging av drift ser vi at vi manglar kunnskap om arealbehov rundt omkring i kommunane. Dette er spesielt viktig når vi skal handsame søknadar om fritak frå driveplikt, der ein alltid vil prøve å få areala i drift før ein innvilgar fritak. Kanskje kan landbrukskontoret bidra med å formidle kontakt mellom dei som ynskjer meir jord og dei som har overskot.Hjorteskade: Viltforvaltar får av og til inn meldingar om skade frå hjort på innmark, men veit at det er mykje vi aldri får vite om. Ei meir systematisk oversikt over belasta område og omfang av skadane vil gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare hjorteforvaltning i kommunane.Lenka blir òg sendt ut i nyhendebrev frå landbrukskontoret før helga, og det vil bli sendt ei påminning på e-post neste veke.Dersom du har spørsmål kan du kontakte Trine Alme, tlf. 979 91 048 Publisert 23.10.2026 09.25 Sist endra 23.10.2026 09.55