Avtalen blei signert under kommunestyret av ordførar Judith Kvåle og leiar i Demensforeininga i Stad, Anne Karin Vangberg. I samband med markeringa fekk kommunestyret ei orientering frå Bo Gleditsch, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, om foreininga sitt arbeid og kva ei slik ordning betyr.
Avtalen forpliktar kommunen til å leggje til rette for at personar med demens og dei pårørande kan delta i samfunnet og meistre kvardagslege aktivitetar. Eit viktig tiltak er å gi tilsette i både offentlege og private servicetenester kunnskap om demens og om korleis dei best kan møte personar med demens.
Arbeidet vil mellom anna omfatte kursing av tilsette på butikkar, apotek, bibliotek, kollektivtransport, drosjar og kaféar. Nasjonalforeningen bidreg med kompetanse, kursmateriell, opplæring og oppfølging. Ordninga er gratis for kommunar som inngår avtale.
- Eit demensvenleg samfunn handlar om å møte menneske med forståing og respekt. Med meir kunnskap kan det bli enklare og tryggare for personar med demens å utføre daglege gjeremål og halde fram med å delta i lokalsamfunnet. Det kan også gjere arbeidskvardagen enklare for dei som møter personar med demens gjennom jobben sin, seier ordførar Judith Kvåle.
Stad kommune arbeider tett med demensforeininga i Stad om det lokale arbeidet knytt til demens, og avtalen vil utvide samarbeidet på nye måtar.
- Foreininga bidreg med engasjement, erfaring og kunnskap, og er ein verdifull støttespelar når kommunen skal utvikle eit meir demensvenleg lokalsamfunn, understrekar ordførar.
Om Nasjonalforeningen for folkehelsen
Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig organisasjon som arbeider med folkehelse og forsking på hjarte- og karsjukdommar og demens. Organisasjonen er også interesseorganisasjon for personar med demens og dei pårørande. I Stad kommune er det Demensforeininga i Stad som er foreininga sitt lokal-lag.