Gi innspel til planprogrammet for arealdelen

Stad kommune legg forslag til planprogram for kommuneplanen sin arealdel ut på høyring og offentleg ettersyn. Vi ønskjer innspel til kva planarbeidet skal omfatte, kva som bør utgreiast, og korleis vi kan leggje til rette for god medverknad. Frist for å sende innspel er 06.12.2026.

Stad formannskapet vedtok 15. oktober 2026, sak 26/127 å sende forslaget til planprogram på høyring og leggje det ut til offentleg ettersyn. Samstundes blir det varsla oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

Les høyringsutkastet til planprogrammet her: Planprogram for kommuneplanen sin arealdel

Kva inneheld planprogrammet?

Planprogrammet set rammene for det vidare planarbeidet og tek stilling til korleis vi skal gjennomføre arbeidet med arealdelen. Det skildrar føremålet med arbeidet, prioriterte tema, behovet for kunnskap og utgreiingar, organisering, framdrift og medverknad. Planprogrammet består av eitt hovuddokument og fire vedlegg. Saman skal dokumenta sikre ein føreseieleg og målretta planprosess.

DokumentFøremål
HovuddokumentFastset føremål, prioriterte tema og utgreiingsbehov, skildrar overordna føringar og skisserer organisering, medverknad, ressursbruk og vidare planprosess.
Vedlegg 01 – MedverknadsplanSkildrar kven som skal involverast, og korleis medverknaden skal gjennomførast.
Vedlegg 02 – KPA og aktuelle prosjekt (PDF, 4 MB)Legg til rette for samordning og nødvendige avklaringar mellom arealdelen og prosjekt som kan ha betydning for planarbeidet.
Vedlegg 03 – MetodeskildringSkildrar metodane for siling av innspel, konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).
Vedlegg 04 – FramdriftsplanViser fasar, milepålar og planlagde tidspunkt for høyringar og vedtak.

Føremålet med planarbeidet

Stad kommune skal samle dei fire gjeldande arealdelane i éin felles arealdel med samla plankart og felles føresegner for heile kommunen. Planen skal følgje opp måla og arealstrategiane i kommuneplanen sin samfunnsdel og gi tydelege og føreseielege rammer for framtidig arealbruk, utbygging og vern.

Hovudprioriteringa er å revidere og samordne dei eksisterande arealdelane og oppdatere dei i tråd med gjeldande lovverk og overordna føringar. I tillegg skal kommunen arbeide særskilt med sju prioriterte tema:

  1. Nærings- og reiselivsutvikling
  2. Sentrums- og bustadutvikling
  3. Samfunnstryggleik og beredskap
  4. Infrastruktur og energi
  5. Naturforvaltning
  6. Kultur, kulturarv, friluftsliv og idrett
  7. Strandsone

Kva ønskjer vi innspel til?

Planprogrammet set rammene for det vidare planarbeidet. Det skildrar føremålet med revisjonen, prioriterte tema og oppgåver, behovet for utgreiingar og korleis planprosessen skal organiserast og gjennomførast, med framdrift og medverknad.
Vi inviterer innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar, styresmakter og andre interesserte til å kome med innspel til rammene for planarbeidet.

Kommunen vil invitere til konkrete innspel om endra arealbruk etter at planprogrammet er vedteke. Nærare informasjon om dette kjem seinare.

Frist for innspel

Planprogrammet med vedlegg og saksdokument er tilgjengelege på kommunen si heimeside: Ein felles arealplan for heile Stad kommune

Frist for å sende innspel er 06.12.2026.
Innspel kan sendast via Elektronisk innspelsskjema

per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Merk innspelet med «Uttale til planprogram – kommuneplanen sin arealdel, sak 26/9351)

Etter høyringa vil kommunen vurdere innspela og eventuelt justere planprogrammet før det blir lagt fram til endeleg politisk handsaming.
 


 

Artikkelliste