Stad skipstunnel - no startar arbeidet med vassledningane

Kystverket skal etablere rundt 12 kilometer med vassleidningar fram til anleggsområda for Stad skipstunnel. Leidningane vil også gi kommunane høve til å knyte til område som i dag manglar kommunal vassforsyning. A

Arbeidet startar denne veka og vil føre til auka aktivitet både på sjøen og på land i Moldefjorden og Kjødepollen/Vanylvsfjorden.

Leidningane blir sveisa saman og lagra mellombels på sjøen, før dei blir trekte ut og senka på plass. Arbeidet vil krevje fleire båtar, og det blir også ein del massetransport på land.

Sjøleidningane skal etter planen leggjast i Moldefjorden frå november og fram mot jul, og i Kjødepollen/Vanylvsfjorden etter nyttår. Det er også planlagt eit lengre slep med røyr frå Moldefjorden, rundt Stad og inn til Kjødepollen, når vêret tillèt det.

Dei som ferdast på sjøen, blir bedne om å vise omsyn og halde god avstand til arbeidet.

Les pressemelding frå Kystverket om arbeidet (PDF, 644 kB).

Informasjonen blir også lagt ut på kystverket.no.