Gjennomfører undersøking om helse- og omsorgstenestene

Hjelp oss å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester!

Stad kommune inviterer no tenestemottakarar og pårørande til å svare på undersøkingar om helse og omsorgstenestene i Stad kommune. Målet er å få betre kunnskap om korleis tenestene blir opplevde, og bruke tilbakemeldingane i arbeidet med å utvikle tilbodet.

Tenestemottakarane og dei pårørande møter tenestene frå ulike ståstader, og kommunen ønskjer å få fram begge perspektiva. Undersøkinga blant tenestemottakarar omfattar i denne omgang dei som får heimeteneste, og gjeld dei som får helsehjelp i heimen, personleg stell og pleie, tryggleiksalarm, middagsombringing og anna hjelp og oppfølging i heimen. Undersøkinga for pårørande gjeld for alle pårørande, også dei som har nære som får institusjonstenester.

– Gode tenester krev at vi lyttar til dei som får hjelp, og til dei som står nær dei. Undersøkingane gir fleire høve til å dele erfaringar og peike på kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere betre, seier kommunalsjef for helse og omsorg Barbro Longva.

Tilbakemeldingane skal gi kommunen eit betre grunnlag for å vurdere kvaliteten på tenestene og finne område der det kan vere behov for forbetring. Undersøkingane kjem i tillegg til den løpande dialogen mellom tenestemottakarane, dei pårørande og heimetenesta.

– Vi veit at behova kan vere ulike, og at det er viktig at hjelpa opplevast som trygg og tilpassa den enkelte. Når vi samlar inn erfaringar frå fleire, kan vi sjå mønster og bruke kunnskapen i det vidare forbetringsarbeidet, seier Longva.

Tre damer som sitt runde eit møtebord med PC på bordet. - Klikk for stort bilete
To damer som held på ein plakat med ein QR-kode - Klikk for stort bilete

Planlegg for framtidas behov

Undersøkingane er ein del av Stad kommune sitt arbeid med å planleggje og utvikle helse- og omsorgstenestene fram mot 2040. Kommunestyret har sett i gang arbeid med ein samla plan for tenestene og helse- og omsorgsbygga. Målet er å finne gode og berekraftige løysingar som tek vare på kvaliteten, tryggleiken og behovet for forsvarlege tenester. 

Demografiske endringar vil påverke kva tenester innbyggjarane treng. Kommunen ventar fleire eldre som vil kunne få behov for hjelp og støtte, samstundes som det blir færre personar i yrkesaktiv alder til å arbeide i og finansiere tenestene. Det gjer det viktig å bruke helsepersonellressursane godt og utvikle tenester som kan møte behova i åra framover. 

Arbeidet omfattar mellom anna å vurdere ulike delar av tenestetilbodet, som heimetenester, helseteknologi, dagsenter og tilbodet ved institusjonane. Innspel frå brukarar og pårørande skal vere ein del av kunnskapsgrunnlaget i dette arbeidet. 

Stram økonomi krev omstilling

Stad kommune har dei siste åra arbeidd med å tilpasse drifta til strammare økonomiske rammer. Kommunen vart teken ut av ROBEK-registeret i mars 2026 etter at budsjett og økonomiplan kom i balanse. Samstundes har Statsforvaltaren peikt på at kommuneøkonomien framleis er sårbar, og at arbeidet med å sikre ein berekraftig økonomi må halde fram. 

Omstillinga handlar om å prioritere ressursane slik at kommunen også framover kan gi innbyggjarane nødvendige og forsvarlege tenester. Tilbakemeldingane frå undersøkingane skal bidra med kunnskap om korleis tenestene fungerer i dag, og kva kommunen bør vere merksam på når tilbodet skal utviklast vidare.

Slik svarar du

Du finn den digitale undersøkinga på www.stad.kommune.no. Ønskjer du å svare på papir kan du hente skjema på Stad rådhus, Stad bibliotek, Fredly på Leikanger eller 1. etg. på kommunehuset i Selje. Skjema kan returnerast same stad eller sendast per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjoreid. 

Undersøkinga blir også sendt ut til innbyggjarane på SMS.

Skjema pårørandeundersøking

Skjema tenestemottakarar heimetenesta

Tenestemottakarar som ikkje vil svare digitalt, vil få utdelt skjema frå heimetenesta.

Undersøkinga pågår frå 6.11-26-11.