Hjelp oss å utvikle gode tenester

Stad kommune arbeider med å planleggje helse- og omsorgstenestene for framtida. Fram mot 2040 vil fleire eldre ha behov for hjelp og støtte, samtidig som vi må rekne med færre tilsette til å utføre oppgåvene.

Svar på vår undersøking!

For å finne gode løysingar treng vi kunnskap frå dei som kjenner tenestene – og kvardagen rundt dei. Derfor ønskjer vi å høyre frå deg som er pårørande til ein som får helse- og omsorgstenester frå Stad kommune.

Erfaringane dine er viktige

Som pårørande ser du kanskje sider av kvardagen som kommunen ikkje alltid ser. Du kan ha verdifulle erfaringar med kva som fungerer godt, kva som er utfordrande, og kva som kan gjere det mogleg for fleire å bu trygt og godt heime så lenge som mogleg.

Gjennom ei kort undersøking ønskjer vi mellom anna å få meir kunnskap om kva hjelp og støtte tenestemottakarane har behov for, og kva tiltak som kan bidra til ein tryggare og meir sjølvstendig kvardag.

Når du svarar på undersøkinga, ber vi deg ta utgangspunkt i den personen du er pårørande til og som får tenester frå kommunen. I undersøkinga omtalar vi denne personen som tenestemottakar.
*Pårørande kan vere både familie og andre med ein nær relasjon til tenestemottakar.

Undersøkinga er anonym og tek om lag 3–5 minutt å svare på.

Om du ikkje kan svare digitalt kan du svare på papirskjema. Papirskjema kan du hente på Stad bibliotek, Stad rådhus eller på kommunehuset i Selje (1. etg.). Skjemaet kan du returnere på same stad eller sende per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. 
Svarfrist: 26. november.

Svar på undersøkinga for pårørande her

Takk for at du deler erfaringane dine!

Infoskriv til pårørande. Viser tekst og bilde av ein mann som kysser kona si på kinnet. - Klikk for stort bilete
Bilde av infoskriv til tenestemottakarar. Viser tekst og eit bilde av ein hjelpepleiar som snakkar med ei eldre dame. - Klikk for stort bilete

Brukarundersøking for heimetenestene 

Treng tenestemottakar hjelp til å svare?

Stad kommune gjennomfører no også ei brukarundersøking blant dei som får heimetenester.

Er du pårørande til ein person som får heimetenester, kan du gjerne hjelpe til med å fylle ut skjemaet dersom personen treng det. Undersøkinga kan svarast på elektronisk eller med papirskjemaet som er delt ut.

Heimetenester kan til dømes vere helsehjelp i heimen, personleg stell og pleie, tryggleiksalarm, middagsombringing og anna hjelp og oppfølging i heimen.

Papirskjemaet kan sendast til Stad kommune, Rådhusevegen 11, 6770 Nordfjordeid. Du kan også levere det på Stad rådhus, biblioteket eller leggje det i postkassa merkt internpost i første etasje på kommunehuset i Selje.

Sjå meir info og svar på undersøkinga for tenestemottakarar.