Ei sak som har vore diskutert over tid
Arbeidet med skule- og barnehagestrukturen i Stad har gått føre seg over fleire år. Våren 2023 laga Agenda Kaupang ei utgreiing med alternative forslag til framtidig struktur. I juni same året vedtok kommunestyret å starte ei grundigare analyse av korleis kommunen kan sikre ein berekraftig struktur for både bygg og drift, på kort og lang sikt.
I 2025 vart arbeidet ført vidare som del av Program for berekraftig økonomi. Kommunen stod då overfor store økonomiske utfordringar og trong å vurdere korleis tenestene kunne tilpassast dei økonomiske rammene. Kommunen samla mellom anna då inn informasjon om elevtal, kapasitet, bemanning, kompetanse, økonomi og tilstanden på bygga.
I juni 2025 bad kommunestyret kommunedirektøren greie ut moglege endringar i Nordfjordeid-, Stårheim-, Haugen- og Flatraket-krinsane. Alternativa omfatta mellom anna samarbeid eller samordning mellom skular, samanslåing av krinsar og samlokalisering av skule og barnehage. Dette var ei bestilling om å vurdere moglege løysingar.
7. mai 2026 vedtok kommunestyret å starte vidare utgreiingar rundt skulestrukturen, og bad kommunedirektøren setje i gang vidare utgreiingar og lage ein plan for arbeidet.
Vidare prosess – utgreiing, politisk vegval og høyring
Tidsplanen kommunen la fram våren 2026 la opp til arbeid i ressursgrupper frå august 2026, involvering og prosjektarbeid gjennom hausten. Leiarar i tenestene, verneombod, tillitsvalde, elevråd og FAU har delteke med innspel og risikovurderingar i utgreiinga av saka.
Den politiske saka som er sendt ut til politisk møterunde i november/desember omhandlar utgreiingane som er gjort, og moglege vegval for ny skulestruktur. Saka om høyring skal til endeleg handsaming i kommunestyret 11. desember.
Hovudårsakene til framlegg om strukturelle endringar samlar seg rundt fire hovudutfordringar:
- Stad kommunen sin samla økonomi og innsparingskrav
- Utfordringar knytt til rekruttering i barnehagar og skular
- Store kostandar til framtidig vedlikehald av kommunale bygg
- Nedgang i barne- og elevtal
Medverknad
Utgreiinga som no er lagt fram skal gi politikarane eit betre grunnlag for å vurdere moglege alternativ og konsekvensar. Kommunen har tidlegare lagt opp til at arbeidet skal omfatte både faglege, økonomiske og bygningsmessige forhold, og konsekvensar for bulyst, næringsutvikling og folketalsutvikling i dei aktuelle krinsane.
Kommunen vil informere om kven som skal involverast vidare, korleis innbyggjarar og andre interesserte kan kome med innspel, og korleis innspela blir tekne med i det vidare arbeidet.
Etter politisk vedtak i kommunestyret 11. desember, legg framdriftsplanen opp til høyring av strukturelle endringar i desember-januar (høyringsfrist 5. februar) med siktemål om ei endeleg politisk avgjerd i mars 2027.
Saksdokumenta er publiserte på nettsida til Stad kommune.