Målet er at flest mogleg skal kunne bu trygt og godt heime så lenge som mogleg, og få den hjelpa dei treng når dei treng ho. For å få dette til treng vi å vite meir om korleis det er å motta heimetenester i dag. Derfor ønskjer vi å høyre frå deg som får heimetenester frå Stad kommune.
Erfaringane dine er viktige
Du veit best korleis tenestene fungerer for deg i kvardagen. Vi ønskjer å få vite meir om kva som fungerer godt, kva som kan bli betre, og kva som kan hjelpe deg til å meistre kvardagen og kjenne deg trygg heime. Svara frå undersøkinga vil gi kommunen viktig kunnskap når vi skal utvikle heimetenestene for framtida.
Kven kan svare?
Undersøkinga er for deg som får heimetenester frå Stad kommune. Det kan til dømes vere; helsehjelp i heimen, hjelp til personleg stell og pleie, tryggleiksalarm, middagsombringing og andre former for hjelp og oppfølging i heimen.
Slik deltek du
Undersøkinga er anonym og tek ca. 3–5 min. å svare på.
Du kan velje om du vil svare digitalt eller på papir. Svarfrist er 26. november!
Svar på undersøkinga her
Svar på papir
Heimetenesta delar ut papirskjema. Når du har fylt ut skjemaet, legg det i den nøytrale konvolutten som følgjer med. Lukk konvolutten og lever han tilbake til heimetenesta. Dersom du ikkje har dagleg heimeteneste, kan du levere konvolutten på Stad rådhus eller i postkassa i 1. etg. på kommunehuset i Selje (merka ”intern post”). Nb! Ikkje skriv namnet ditt på skjemaet eller konvolutten.
Du kan også sende den per post til:
Stad kommune, Rådhusvegen 11,
6770 Nordfjordeid.
Takk for at du deler erfaringane dine. Svara dine er viktige og vil hjelpe oss med å utvikle ei trygg og god heimeteneste for framtida!
